Gå videre til innhold
Maria Parr og Åshild Irgens er nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024

Pressemelding -

Maria Parr og Åshild Irgens er nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024

Oskar og eg har gjort stor suksess hos lesarane og kritikarane, og no er Maria Parr og Åshild Irgens nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris. I Oskar og eg møter vi storesøster Ida og veslebror Oskar. Det er Ida som fortel historia, men den viltre og eigenrådige Oskar speler stadig hovudrolla i forteljingane hennar. Parr har skrive ei fartsfylt og varm høgtlesingshistorie om det å vekse til og sjå livet i eit anna lys enn ein gjorde før. Oskar og eg er ein hyllest til kvardagen, til søskenforhold og til alle dei plassane vi er.

Juryen skriv i grunngivinga: “Forholdet mellom selvstendighet og avhengighet er et gjennomgangstema i boka. Å prøve, feile, mestre og streve utgjør viktige erfaringer barn gjør seg gjennom barndommen. Men de trenger også en trygg havn som de kan søke seg til for trøst og omsorg. I Parrs univers er det barnets følelser, funderinger og observasjoner i hverdagslivet som står i sentrum. Livet og dagene skal oppleves og oppdages. Ida og Oskar er aktive, kreative og nysgjerrige aktører i sitt eget liv, og de kan fungere som rollemodeller for barn i dag, som ofte kan bli passive mottakere av andres kreativitet.”

Om nominasjonen seier Parr til forlaget: “Dette er ein slik ting som det nesten er vanskeleg å tru på. Eg vart heilt paff. Det er ei stor, stor ære og eg takksam og fortumla og veldig glad.” Illustratør Irgens skriv: "Det er virkelig en stor anerkjennelse at boka vår har blitt valgt ut som nominert til Nordisk råds barne - og ungsomslitteraturpris. Jeg er veldig glad og takknemlig for dette!"

Parr er ein av av dei fremste barnebokforfattarane i Norden, og har vunne litterære priser heime og i utlandet sidan debuten med Vaffelhjarte i 2005.

Illustratør Åshild Irgens er utdanna ved Kunsthøgskulen i Oslo og School of Visual Arts i New York. Irgens har illustrert ei rekkje barnebøker og lettlesbøker, blant anna Maria Parrs Tonje Glimmerdal. I 2018 fekk ho den italienske litteraturprisen Premio Samarelli for illustrasjonane til Tonje Glimmerdal.


Prisen blir delt ut under Nordisk råds sesjon på Island i slutten av oktober.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • 9788234011450_Oskar og eg
    9788234011450_Oskar og eg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1819 x 2421, 1.79 MB
    Last ned
  • Maria Parr (c) Julia Marie Naglestad
    Maria Parr (c) Julia Marie Naglestad
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2001 x 3000, 4.73 MB
    Last ned
  • Irgens, Åshild_Photo Jan Tore Eriksen_NORLA_1-4x3.jpg
    Irgens, Åshild_Photo Jan Tore Eriksen_NORLA_1-4x3.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5000 x 3750, 8.88 MB
    Last ned
  • Image (5).jpg
    Image (5).jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1920 x 1080, 2.01 MB
    Last ned

Relatert innhold