Gå videre til innhold
Marianne Engedal og omslaget til "Pølsetjuven"
Marianne Engedal og omslaget til "Pølsetjuven"

Pressemelding -

Nynorsk barnelitteraturpris til Marianne Gretteberg Engedal

Marianne Gretteberg Engedal er tildelt Nynorsk barnelitteraturpris 2019 for debutboka Pølsetjuven.

       

I juryens grunngjeving står det mellom anna: 

     

"Vinnaren av Noregs Mållag sin nynorske barnelitteraturpris 2019 har vist gjennomført kunstnarisk kvalitet i debutboka si. Fronten skapar forventning om ei historie som handlar om ein gut som har gjort noko gale. Juryen var einig om at dette er ei bok som barn vil sjå og dermed ønskja å lesa. Me trur jamvel den vaksne også vil sjå at denne skil seg ut frå andre bøker.

Illustrasjonane har noko sart, humoristisk, naivistisk og samtidig noko slitesterkt ved seg. Du kan lesa boka 10 gongar og du vil enno finna noko nytt når du les den dei neste gongane. [...]

Sjølve historia er også slitesterk og eit viktig tema alle foreldre bør snakka med barne sine om. Det å finna ut kven ein er og ikkje vera redd for å leva som ein vil. Boka gjev rom for mange filosofiske samtaler. Ho har også ei morosam side som kan gje rom for humring og latter."

        

Juryen har vore Kristine Thorkildsen, bibliotekarmedarbeidar hjå Stord folkebibliotek, Per Roger Sandvik, språkkonsulent, Nesodden og Rita Mundal, bibliotekleiar hjå Lom folkebibliotek.  

Noregs Mållag har delt ut prisen sidan 1968. Nynorsk barnelitteraturpris er eit diplom og 30 000 kroner.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Ragnhild Akselberg Tonheim

Informasjonskonsulent 90124325

Relatert innhold

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO