Skip to main content

Nynorsk litteraturpris til Brit Bildøen for "Tre vegar til havet"

Pressemelding   •   apr 29, 2019 09:44 CEST

Foto: Tove Breistein

Brit Bildøen får Nynorsk litteraturpris for romanen Tre vegar til havet. Prisen er på 30 000. Tre vegar til havet kom ut til strålande meldingar hausten 2018. I boka skildrar Bildøen avmakt i møte med byråkratiet og kva desperasjon kan gjere med eit menneske. Samstundes teiknar ho eit urovekkjande bilde av ei tid der fugleartar forsvinn i rasande fart, og der menneske kjenner seg åleine blant sine eigne.

Frå grunngjevinga til juryen: Tre vegar til havet er mange ting, men først og fremst er det ein modig roman...Denne svært komplekse og genuint tragiske tematikken turnerer forfattaren med ein intelligens, ein empati, ei språkleg fingerspisskjensle og eit moralsk vidsyn som til saman gjer Tre vegar til havet til eit betydeleg kunstverk. Av alle desse grunnane er det ei stor glede å tildele Nynorsk litteraturpris for 2018 til Brit Bildøen!"

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.