Gå videre til innhold
Nynorsk ordliste har selt i 2,5 millionar eksemplar. No ute i revidert utgåve

Pressemelding -

Nynorsk ordliste har selt i 2,5 millionar eksemplar. No ute i revidert utgåve

Hellviks Nynorsk ordliste har selt i meir enn 2,5 millionar eksemplar sidan første utgåva kom i 1959. No er den 11. utgåva klar, oppdatert med den nye rettskrivinga for nynorsk. Boka er redigert av Margunn Rauset og Aud Søyland

Det er den første trykte ordlista som er godkjend av Språkrådet etter at den nye nynorskrettskrivinga kom.

-   Den gule nynorskordlista er eit moderne ikon og ei av dei mest selde bøkene i Noreg.  Nynorsk ordliste er svært sentral i forminga av den sterke nynorske skriftkulturen vi har i dag, seier Håkon Kolmannskog, forlagssjef i Samlaget.

Ordlista er oppdatert etter den nye rettskrivinga for nynorsk, som er gjeldande frå 1. august 2012. Ordtilfanget er oppdatert, og det er lagt til fleire ordforklaringar. Også lista over bokmålsord med nynorske synonym er fornya og utvida. I tillegg til sjølve ordlista har boka ein minigrammatikk og ei liste med forkortingar.

Med den nye rettskrivinga er skiljet mellom hovudformer og klammeformer borte frå nynorske ordlister. Dei fleste ord som før var hovudformer, er framleis med i den nye rettskrivinga. Også ein del former som før var klammeformer, er med vidare, men mange klammeformer har gått ut.

Aud Sølyland, ein av redaktørane bak den nye utgåva seier dette om ordlista:

- Alf Hellevik var svært oppteken av at ordlista skulle vera mest mogleg brukarvennleg. Derfor har vi lagt vekt på å fornye ordtilfanget og ta inn fleire ordforklaringar. Dessutan kjem ordlista snart i elektronisk format. Det trur eg Hellevik ville ha likt.

Alf Helleviks Nynorsk ordliste, som svært mange kjenner frå skuletida, kom første gong ut etter at 1959-rettskrivinga var vedteken. Ho bygde på ei lita ordliste utgitt av Einar Breidsvoll og Knut Liestøl.  Sidan 2000 har Kåre Skadberg og Aud Søyland vore redaktørar. Frå og med 11. utgåva er det Margunn Rauset og Aud Søyland som redigerer ordlista. Rauset arbeider i det islandsk-skandinaviske ordboksprosjektet ISLEX, mens Søyland er frilans språkrettar og omsetjar. Ho var sekretær for nemnda som utarbeidde ny nynorsk rettskriving og held for tida kurs i den nye rettskrivinga for lærarar, på vegner av Språkrådet.

 

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO