Gå videre til innhold
Nytt nummer av Syn og Segn ute no!

Pressemelding -

Nytt nummer av Syn og Segn ute no!

Mediekritikk, økosystem, homokamp og alkohol

Syn og Segn har levert sakprosa i 123 år og fornyar seg stadig. I den nye utgåva er det temasider om sikkerheitspolitikk, samtale med den anonyme faktasjekkaren Doremus Schafer, tekstar om arktisk homokamp, fråhaldsrørsle og artsmangfald. Og mykje meir.

SIKKERHEIT: Trusselbiletet endrar seg raskare enn nokon gong. Kva slags sikkerheitspolitikk treng Europa no? Korleis ser framtidas trusselbilete ut? Bård Vegar Solhjell, Robert Mood, Svein Melby og Minda Holm tek eit blikk på sikkerheitspolitikken i Europa i dag.

ARTSMANGFALD: I dag står menneska bak ei utrydding av artar i eit tempo som langt overgår ein naturleg utdøyingsrate. Biologar meiner at vi er inne i ei sjette masseutdøying. Har vi, ein art blant 9 millionar andre, moralsk rett til å frådømme andre artar deira sjølvstendige rett til å leve ut deira livspotensial, spør professor Anne Sverdrup-Thygeson.

HOMO I NORD: Då ein organisert homokamp starta i Noreg i 1950, var det i eit samfunn som både kriminaliserte likekjønna seksualitet og såg det som djupt forkasteleg. Før dette hadde knapt nokon våga heva røysta. Eitt av særs få unntak var den unge, radikale læraren Alf Martin Jæger i Nord-Troms, som skreiv om homofil kjærleik så tidleg som på 1920-talet.

HOTELL PÅ HELL: I ei tid då nostalgi er eit designelement, mister omgrepet all verdi. Med mindre du dreg til Bygdin Høyfjellshotell og lyttar til hjarteslaga i veggene. Skribenten Alice Gudheim tok med seg fotografen Anne-Marte Før i jakta på nostalgien.

Filosofen Jon Hellesnes skriv om nasjonalismen og om vi har forstått han rett. Urd Vindenes skriv om ommøblering i grammatikken, korleis han oppstår og om somme språk eller dialektar har meir grammatikk enn andre. Og teiknaren Siri Dokken tolkar notidssamfunnet med syrlege strekar.

Interessert i ein PDF av bladet? Vil du vite meir? post@synogsegn.no / 907 68 797

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO