Gå videre til innhold
Odd Goksøyr er aktuell med boka «Aljamarkir»
Odd Goksøyr er aktuell med boka «Aljamarkir»

Pressemelding -

Odd Goksøyr tilbake med bok om menneska og ritane

Odd Goksøyr er aktuell med boka Aljamarkir, som handlar om menneska og ritane. 

Ein mann skal skrive minneord over faren, og kjem på at dei aldri kjente kvarandre. Ein annan mann driv og dett frå kvarandre. Ei kvinne reiser til Shetland for å søke sitt opphav. Eit ekorn spring med spitord mellom Vengjekongen og Rotgnagaren.

Goksøyr lar dei store perspektiva møte dei små menneska og skriv både humoristisk, nysgjerrig, leikent og poetisk. Relasjonar og kommunikasjon, ikkje minst mellom foreldre og barn, står sentralt i tekstar som går føre seg i mytisk urtid og vår eiga samtid. Det handlar om å lengte og å leite, om opphav, avstand og forsoning.

Odd Goksøyr (f. 1952) er oppvaksen på Runde, no busett på Hareid. Han debuterte i 1976 med diktsamlinga Ein av dei vanlege dagane. Han har gjendikta Robert Blys Den natta Abraham ropte til stjernene (2014) og Dei dømde meg til tusen år i glede (2015) og Christine De Lucas Glimt av opphav (2017).

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO