Gå videre til innhold
Foto: Jan Inge Haga
Foto: Jan Inge Haga

Pressemelding -

Oddvar Vignes aktuell med bok om sitt eige sjølvmordsforsøk

I boka Sjølvmordsforsøket. Livet før og etter fortel Oddvar Vignes ufiltrert om si eiga livskrise.

Lansering 18. august.

Sommaren 2009 trudde 29 år gamle Oddvar Vignes at han hadde funne løysinga på alle problema han sleit med. Han bestemte seg for å ta sitt eige liv. Etter den avgjerda kjende han ein stor lette. Oddvar hadde rota økonomisk, han hadde ikkje fullført noka utdanning, kjende seg mislukka både på jobb og som kjærast og son. Han var djupt deprimert, men heldt fasaden. Han var blant anna ein humørfylt gjest i fleire bryllup i tida før alt skulle avsluttast. Ein septemberdag stengde han seg inne på eit hotellrom i Oslo med mål om å avslutte livet. Først måtte han berre skrive alle avskilsbreva som ville få alle han var glad i, til å forstå og godta.

Kvart år tek mellom 600 og 700 nordmenn sitt eige liv. Oddvar Vignes kunne blitt ein i den statistikken. Dette er Oddvars forteljing om oppveksten på Finnøy, ungdomstid, sjølvmordsforsøk og vegen tilbake til livet. Dette er ei historie med håp, ei historie som endar godt, og som vi kan lære noko av.

I dag er Oddvar gardbrukar på Finnøy. Han har teke over garden, gifta seg med Marie og nyleg fått vesle Agnes.

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO