Pressemelding —
Øystein Orten er aktuell med brevromanen "Borodino"
Då niesa sender melding frå Paris om at ho har fått ein son, men samstundes er blitt alvorleg sjuk, begynner den gamle læraren straks å skrive eit brev til henne. Det hastar å svare på dei spørsmåla ho stilte som barn: Kven er vi, onkel, og kor kjem vi frå?
I eit forsøk på å fortelje om kva plass slekta deira har i verda, trekker han tråden attende til starten av 1800-talet, til Tomas Øvstigard, som deltok i Napoleonskrigane. Det er ei historie om kjærleik, tap og håp som flettar seg inn i livet til etterkommarane på det farlege vinterfisket, om Tomas-på-kvelvet, som overlevde, og vidare fram til slutten av 1900-talet, då han sjølv, niesa og resten av familien ei kort stund levde saman.
Mens han skriv, innser han at 200 år ikkje er så lenge, at eit menneskeliv er kort, men også fullt av det vi strevar med til alle tider. Han skriv seg inn mot si eiga store skuld, og brevet blir eit skriftemål til både niesa og son hennar.
Øystein Orten (f. 1962) kjem frå Hareid på Sunnmøre. Han debuterte med diktsamlinga havflammen i 1995, og har sidan skrive både romanar, novellesamlingar og dokumentarbøker. I bøkene sine kombinerer han ofte historisk kunnskap, menneskeleg innsikt og sosialt engasjement.
Emner
Regions
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.