Gå videre til innhold
Selma Lønning Aarø er aktuell med grøssaren «Bergatt», skriven for 12-16-åringar. Foto: Sara Berntsen
Selma Lønning Aarø er aktuell med grøssaren «Bergatt», skriven for 12-16-åringar. Foto: Sara Berntsen

Pressemelding -

Oktoberspenning frå Selma Lønning Aarø

Bergtatt byr på forelsking, mystikk og drama.

I den nye klassen til Leo sit ei jente med grøne augo for seg sjølv heilt bakarst. Det er noko med augo hennar som gjer at han heile tida lengtar etter henne. Kven er ho? Kvifor går ho kledd så annleis, og kvifor luktar ho myr og skog?

Snart viser det seg at jenta også er interessert i Leo. Men før han kan få henne, må han gjere noko grufullt, noko som vil endre han for alltid.

Bergtatt markerer Selma Lønning Aarø sin debut som forfattar på Samlaget, og er haustens andre tilskot til ungdomsserien Grøss og gru. Førre bok i serien, Eg har venta på deg, er skriven av ein annan sunnhordlending, Atle Hansen.

Selma Lønning Aarø (f. 1972) kjem frå Stord i Vestland. Ho debuterte med Den endelige historien i 1995, som vann Cappelens pris for beste debutroman, og har sidan skrive fleire bøker for vaksne og barn. 

Emner

Kategorier

Regions

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO