Gå videre til innhold
Olaug Nilssen med ny bok - "Kjøkenbenkrealisme"

Pressemelding -

Olaug Nilssen med ny bok - "Kjøkenbenkrealisme"

Olaug Nilssens nye bok Kjøkenbenkrealisme - ærlege historier om tidsklemma fortel usminka om småbarnslivet.  

Ofrar du barna for eit umenneskeleg karrierejag? Lar du dei veksa opp i barnehagen? Eller er du så dum at du vel vekk karriere, pensjonspoeng og inntekt? Kjøkenbenkrealisme ei bok full av ærlege historier om familieliv i dag. Du møter heimeverande, deltids- og fulltidsarbeidande og får eit uvanleg innblikk i korleis småbarnsforeldre i dag organiserer kvardagen. Her vert ikkje småbarnstida idyllisert, men både søvnmangel, frustrasjonar, samanbrot og gleder kjem fram. Boka handlar òg om småbarnsmora Olaug Nilssen. Det er ei rørande historie om hennar veg frå mykje jobbing og reising til å innsjå at ho måtte vere meir heime. Olaug Nilssen valde annleis etter at ho fekk barn, særleg etter at det synte seg at den eine sonen hennar har særskilte behov.

Lanseringsdato fredag 28.9. Møt Olaug Nilssen på Forfattarsleppet i Bergen 3.10. kl 19 på Logen,  i samtale med Finn Tokvam og Hilde Danielsen.  

Olaug Nilssen (f. 1977) er trebarnsmor. Ho debuterte med romanen Innestengt i udyr i 1998. Sidan den gong har ho skrive bøker i ulike sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. Særleg kjend er Nilssen for romanen Få meg på, for faen som òg er filmatisert. Nilssen har blant anna vore leiar på Skrivekunstakademiet i Bergen. Ho kjem frå Solheimsdalen i Førde, men bur no i Bergen.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO