Gå videre til innhold
Foto: Bent R. Synnesvåg
Foto: Bent R. Synnesvåg

Pressemelding -

Olaug Nilssen nominert til Ungdommens kritikarpris for "Tung tids tale"

"Tung tids tale" av Olaug Nilssen er nominert til Ungdommens kritikarpris. Romanen som nylig vart nominert til Brageprisen har også fått ei heilt spesielt god mottaking hos lesarar og kritikarar. 

Olaug Nilssen seier dette om responsen på boka: 

-Tung tids tale har utløyst eit ras av positive og inderlege tilbakemeldingar, både frå pårørande, frå fagfolk innanfor helse og omsorg og frå andre lesarar. Det er stort og sterkt å oppleve at ei personleg bok får til å krype inn under huden på så mange lesarar.

Meir om boka: Ein liten gut mistar språket og forandrar personlegdom. For mora byrjar ein kamp, først for å forstå kva som skjer med guten, og så for å få hjelp til å gi han den omsorga og oppfølginga han treng. Familien er plutseleg i ein svært utfordrande livssituasjon, og dei må igjennom lange og utmattande prosessar for å få hjelp. Mødrer skal aldri gi opp, blir det sagt, men kva er aksept, og kva er å gi opp?

Tung tids tale er ei sterk historie om å vere foreldre til eit autistisk barn. Om kampen for at barnet skal bli sett som den han er, og få den støtta han og familien treng.

Frå jurygrunngjevinga:

"Med et høyt tempo, ofte korte kapitler og setninger, skildrer forfatteren frustrasjonen, sorgen, men også gleden over å ha et barn som er annerledes. Det er ofte vondt å lese om, men også rørende og i blant humoristisk. Boken blir stående som et eksempel på kraften som finnes i skjønnlitteraturen, og på hvordan den kan sette politisk og eksistensielle problemstillinger under debatt."

Frå meldingar: 

Terning 5 Olaug Nilssens inderlighet, det presise språket og refleksjonene rundt det å være et individ, noe helt for seg selv, er dypt medrivende.

Inger Bentzrud, Dagbladet

Terning 5 Olaug Nilssen er ein driven og klok forfattar, som samstundes har skrive ein roman med skjønnlitterære kvalitetar og teknisk utstyr, i alt frå allusjonar til oppbygging med stigande spenning, og ein politisk pamflett.

Jan Askelund, Stavanger Aftenblad

Hjarteopnande vakkert og uendeleg sårt om å vere forelder til eit barn som er annleis.

Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen

Terning 6 «Tung tids tale» gjør det god litteratur skal gjøre. ... Nilssen skaper et forståelsesrom også mellom linjene. Vi skjønner mer enn ordene. Får kjenne på hvordan det er å være moren til Daniel. Denne evnen til å vekke empati er en av litteraturens viktigste oppgaver. Nilssen makter det på strålende vis.

Janne Bjørgan, Hamar Arbeiderblad

Terning 5 Kaos-pilotar, tei still! Lytt heller til denne kaos-kosmonauten av ei småbarnsmor, som er både kvardagsheltinne, varslar, aktivist – og ein drivande god forteljar. ... ... ein raus og styrkande roman om kjærleik, samhald og von.

May Grethe Lerum, BOK365

Terning 5 Olaug Nilssen har nok ein gong vist at ho er ei av Noregs skarpaste forfattarstemmer. Tung tids tale legg du ikkje frå deg upåverka.

Torborg Igland, Fædrelandsvennen

Denne lille boken som har potensiale i seg til å endre hele vår velferd.

Cato Brunvand Ellingsen, Vernepleieren


Tung tids tale er en dramatisk og sterk historie om det å være Olaug, mor til den autistiske gutten Daniel.

Tom Egil Hverven, Klassekampen


Romanen er som eit skrik: rå, sår og sterk. Det er lyden av ei kvinne i kamp, ei som alt har kjempa lenge og ikkje gitt seg.

Merete Røsvik Granlund, Dag og Tid


... rystende og viktig litteratur.

Ingunn Økland, Aftenposten

De som tror at omsorgsoppgaver kan overlates til familier uten omkostninger, bør lese Olaug Nilssens sterke roman.

Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO