Gå videre til innhold
Olaug Nilssen redaktør for ny diktantologi; "Eg vil vere her. Dikt til trøyst"

Pressemelding -

Olaug Nilssen redaktør for ny diktantologi; "Eg vil vere her. Dikt til trøyst"

I Eg vil vere her. Dikt til trøyst har Olaug Nilssen samla dikt frå mellom andre Tor Jonsson, Karoline Brændjord, Gunvor Hofmo, Marie Takvam, Hans Sande, Åse- Marie Nesse, Kolbein Falkeid og Sigrid Moldestad.

Iblant tek livet vendingar som gjer at ein står der rådlaus og leiter etter ord. Då kan det bety mykje å finne dikt der andre har sett ord på det vanskelege, for gjenkjenning og eit nytt og uventa blikk - eller som ei slags trøyst, fordi dikta fortel om ei livsrøynsle og ei innsikt som ein kanskje ikkje sjølv kan artikulere - anten dikta viser ein høgare himmel eller berre at andre har opplevd dette før. Ei krise kan også lære eit menneske at ikkje berre treng ein at andre er der, ein vil også gi det tilbake - å vere der for andre.


Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO