Gå videre til innhold
Foto: Sara Galbiati
Foto: Sara Galbiati

Pressemelding -

Olga Ravn klar med romanen "Voksbarnet"; litterær true crime om hekseprosessane

Den danske forfattarstjerna Olga Ravn er klar med romanen Voksbarnet, ein slags litterær true crime om 1600-talets hekseprosessar. Forfattaren, som vart kortlista til Bookerprisen for Dei tilsette, besøker litteraturhusa i Oslo og Trondheim 23. og 24.10.

Den ugifte adelskvinna Christenze Kruckow blir skulda for trolldom og må flykta frå Fyn til Nordjylland. I Ålborg finn ho seg til rette i krinsen rundt vakre Maren Kneppis, ei gruppe kvinner som arbeider og festar saman. Men snart blir Christenze innhenta av trolldomsryktet sitt og lyt innsjå at ikkje berre ho, men også dei nye venninnene hennar står i fare for å enda på bålet.

Den sentrale skuldinga mot Christenze rettar seg mot det magiske voksbarnet ho skal ha laga. Det er denne dokka som no tar ordet for å fortelja om skjebnen til desse kvinnene.

Voksbarne
t er eit portrett av ein skjør fellesskap, eit innblikk i ein magisk kvardag og ei skremmeleg forteljing om ein hekseprosess basert på ei rekke verkelege hendingar frå 1600-talets Nordjylland.

"Eg er eit barn av bivoks. Og eg er som ei dokke på storleik med underarmen til eit menneske. Ein har forsynt meg med hår og negler frå den personen som skal lida. Eg vart boren av frua mi i 40 veker under høgre armen hennar som var eg eit ekte barn, og voksen vart mjuk av varmen hennar. Til slutt tok ho meg med til ein prest, det var om natta, og kyrkja var mørk og stille, og han døypte meg, voksbarnet. Eg vart ein reiskap. Det var på Nakkebølle gods på Sør-Fyn. Munnen min av voks kan ikkje opnast."

Omsett av Inger Bråtveit.

Olga Ravn

(f. 1986) er ein dansk forfattar, kritikar og forlagsredaktør. Ho er utdanna ved Forfatterskolen i Danmark, og har sidan sjølv undervist på fleire nordiske forfattarskular. Ho debuterte i 2012 med Eg et meg sjølv som lyng. Året etter kom romanen Celestine, som ho fekk Michael Strunge-prisen for. I 2016 kom diktboka Den kvite rosa, og i 2018 romanen Dei tilsette, som vart kortlista til Den internasjonale Booker-prisen. For romanen Arbeidet mitt frå 2020 fekk Olga Ravn Politikens litteraturpris. Alle bøkene er utgitt på Samlaget i Inger Bråtveits omsetjing.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • 9788234013294 Voksbarnet CMYK.jpg
    9788234013294 Voksbarnet CMYK.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2500 x 3895, 9.91 MB
    Last ned
  • Ravn, Olga (c) Sara Galbiati 2023_10.jpg
    Ravn, Olga (c) Sara Galbiati 2023_10.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5266 x 7895, 17.8 MB
    Last ned