Gå videre til innhold

Pressemelding

Ollis av Ingunn Thon seld til engelsk forlag

Ollis av Ingunn Thon seld til engelsk forlag

Interessa for Ingunn Thon si debutbok Ollis held fram. Evy Tillman i Oslo Literary Agency fortel at dei nett har avslutta forhandlinga med det engelske forlaget Wacky Bee Books.

- Ingunn Thons strålande litterære debut Ollis blei i rekordfart seld til fleire land. At boka no også skal ut i ein av verdas viktigaste bokmarknadar, er stort. Ein engelsk utgivelse er også ein viktig døråpner for at boken skal nå endå fleire språkområder, seier Evy Tillman, litterær agent i Oslo Literary Agency.

Boka er så langt seld til 6 språk: dansk, engelsk, georgisk, italiensk, tyrkisk, tysk.

- Det kjennest som ein skikkeleg stor dag, seier forfattar Ingunn Thon.  

- Eg hadde ikkje trudd at Ollis skulle ende opp i dei britiske barnebokhyllene, som rommar så mykje fint. Ho kjem til å vera i ekstremt godt selskap! 

Les meir om Ollis her: https://samlaget.no/products/ollis

Ingunn Thon (f. 1986) arbeider i NRK Super, mellom anna som dokkespelar. Barn kjenner henne også frå Barne-TV. Ho har utdanninga si frå tekst- og skribentlina ved Westerdals og frå journalistutdanninga ved NRK Nynorsk mediesenter. 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.