Pressemelding -
Original og prisvinnande dansk krim på norsk; "Tretti dagars mørke" av Jenny Lund Madsen
Den snobbete og drikkfeldige forfattaren Hannah Krause-Bendix, som attpåtil har skrivesperre, inngår i ein svak augneblink eit veddemål om å skrive ein kriminalroman på tretti dagar.
Redaktøren sender henne til Island for å finne inspirasjon og arbeidsro der, og ho installerer seg hjå gjestmilde Ella i den vesle, fredelege tettstaden Húsafjör.ur. Under den rolege overflata viser det seg snart å vere sterke straumar. Etter berre nokre få dagar blir Ellas nevø Thor fiska opp av vatnet. Drukna. Som dei fleste andre på staden var han son av ein fiskar, men han hadde også heftig vasskrekk. Alle veit at Thor aldri ville ha nærma seg vatnet på eige initiativ, så korleis kan han ha drukna?
Hannah byrjar å utforske dødsfallet, det verkar som ein lovande start på ein krimklisjé, men snart blir ho omslutta av Húsafjör.urs farlege hemmelegheiter.
Jenny Lund Madsen (f. 1983) er dansk filmvitar og manusforfattar for film og tv. Ho debuterte med Tretti dagars mørker i 2020 til strålande kritikkar og vart tildelt Harald Mogensen-prisen for beste danske kriminalroman same år. Boka er omsett til svensk, engelsk, fransk, tysk og nederlandsk, og fleire språk står for tur.
Frå meldingar:
«Debutant har skrive årets mest originale krim. Jenny Lund Madsens mordgåte er spennande, realistisk og romantisk til aller siste side. Og når du trur du har gjennomskoda plottet, slår spenninga endå eit sveip med halen.»- Politiken
«Så velskriven at det er vanskeleg å legge boka frå seg.»- Dagens Nyheter
«Veldig smart thriller [...] umogleg å leggje frå seg.»- Psychologies Magazine
«Full av mistenkte, røde sild og tvistar [...] humor og originalitet gjer denne til ei glede å lese.»- Mark Sanderson, The Times Crime Book of the Month
«Ei ypparleg blanding av humor og mørke, litterær krim med ein tvist. Du vil ikkje gå glipp av denne.»– Yrsa Sigurðardóttir
«Ei fengslande og gjennomarbeidd historie!»– Téle Star Jeux
«Fascinerande, morosam og rørande. [...] Verd å merka seg.»– Jean-Marie Wynants, Le Soir
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.