Pressemelding -
Oskar Stein Bjørlykke er klar med den nære og poetiske barndomsskildringa "Litle meg"
«Eg stod og heldt hendene for auga. Opna dei, lukka dei, så det lynte og lyste, og fargane kom. Eller eg saup inn lufta og merka luktene. Kjende på ting, og det kitla. Smaka også, med tunga, som kunne frysa fast i kaldt jern. Eller eg stod der og høyrde slaget frå klokka på storestova. Den som vi kjøpte med pengar etter mortante Ingrid, som mor var så glad i, men som døydde så brått ein sommar. Ein så inderleg fin klang når den klokka slo.»
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.