Gå videre til innhold
Ottar Grepstad aktuell med boka "Skriftkultur"

Pressemelding -

Ottar Grepstad aktuell med boka "Skriftkultur"

Ottar Grepstad er aktuell med boka Skriftkultur. Tidssignal frå det 21. hundreåret.

Gjennom tjue år som leiar for Nynorsk kultursentrum har Ottar Grepstad vore den fremste talsmannen for nynorsk i det offentlege Noreg. Han har vore ein institusjonsbyggjar og ein nasjonal strateg for nynorsk skriftkultur.

Både som forleggar og forfattar har Grepstad vore ein sentral våpendragar for auka merksemd om og respekt for den norske sakprosaen. I 1997 gav han ut standardverket Det litterære skattkammer. Sakprosaens teori og retorikk, men alt i 1982 hadde han bidrag i Essayet i Norge, følgt opp av Retorikk på norsk i 1988. I si nyaste bok utdjupar han tidlegare tankar, men framom alt legg han fram nye synspunkt og kunnskapar om det mangslungne feltet som blir sameina i tittelen Skriftkultur.

”Den som skriv, sender ut tidssignal. Den tidfestinga ligg i skriftfestinga”. Slik startar boka Skriftkultur, der Grepstad gir oss tidssignal frå det moderne Noreg om skrift, språk og minne. Ein raud tråd gjennom boka er krafta som ligg i skrift. Korleis skrift skapar både fred, konflikt og nyvinning, og til sjuande og sist er ein av dei viktigaste føresetnadane for at menneskeleg kultur i det heile kunne oppstå og utvikle seg.

Ottar Grepstad (f. 1953) er forfattar og var direktør i Nynorsk kultursentrum 1999-2018. Frå debuten i 1974 har han skrive og redigert over 40 bøker om språk og litteratur, historie og samfunn, kultur og politikk. Han var tilsett i Det Norske Samlaget i perioden 1980-94 som forlagsredaktør, ansvarleg redaktør for Syn og Segn, redaksjonssjef og assisterande forlagssjef.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO