Gå videre til innhold
Ottar Grepstad med ny bok: "Språksansen. Kalender om alle verdas språk"

Pressemelding -

Ottar Grepstad med ny bok: "Språksansen. Kalender om alle verdas språk"

7.10. lanserer Ottar Grepstad ei ny språkbok som tek for seg språksituasjonen i verda. I "Språksansen. Kalender om alle verdas språk" gjer han historiske og geografiske dykk, rissar opp dei viktigaste språkfakta, siterer forfattarar og språkforskerar. 270 språk er nemnde i kalenderboka, likeså 366 forfattarar (ein for kvar dag i året). Ei bok med brei kunnskap og glede for språk i sjølvaste språkåret.

Kvar dag har ei forteljing frå språkhistoria verda rundt, opplysningar om ein forfattar som blei fødd eller døydde, og eit ord for dagen om språk. Det heile er lagt til rette med overblikk og språkglede, sans for detaljar og glimt i auga.

Forteljingane rommar 5000 år og nærmare 300 språk. Som dagane går tek eit fargerikt bilete form, av
språk som blir til og vinn posisjonar, endrar seg og tek uventa vendingar. Språksansen er ei overraskande, lærerik og underhaldande bok.

Boka er søstera til biografien om Ivar Aasen som Grepstad lanserte i august, dei to bøkene vart skrivne parallelt.

Ottar Grepstad (f. 1953) er direktør i Nynorsk kultursentrum, forfattar og hovudredaktør i Allkunne. Han har gitt ut over 25 bøker om språk og litteratur, historie og samfunn, kultur og politikk.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO