Pressemelding -
Papelina - ei annleis forteljing om flukt
Ei annleis forteljing om flukt
Papelina og familien må reise frå heimen sin. Papa Gøye seier det er eit topphemmeleg eventyr! Det einaste Papelina får vite, er at dei skal til eit nydeleg fugleslott.
Men reisa blir lang og slitsam. Og kvifor kan ikkje Papa Gøye slutte å tulle og fjase?
Papelina er ei historie om flukt, familie og vennskap. Og om kva det vil seie å vere heime.
Fuglehaug er trygg på at born klarer å ta inn over seg den alvorlege tematikken som ligg under i forteljinga, men vil at det skal opp til dei vaksne kor langt inn i tematikken dei ønskjer å gå.
Ho vonar at boka kan gi mat til tanken etter at forteljinga er slutt.
- Det viktigaste for meg er at ein har hatt ei fin lesestund, men det er også kjekt om nokon tenker litt ekstra over kor heldige vi er som bur i eit trygt og fritt land – og kor mykje det kan bety å ha ein familie.
Boka har lanseringsdato 14. september.
Randi Fuglehaug (f. 1980) kjem frå Voss og er busett i Oslo. Ho er frilansjournalist og har også skrive sakprosabøker for både barn og vaksne. Fuglehaug debuterer skjønnlitterært med bildeboka Papelina.
Jill Moursund (f. 1971) er illustratør og forfattar og har gitt ut ei rekkje bøker, både eigne og i samarbeid med andre. Ho er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo. Moursund bur i Oslo og arbeider i illustratørfellesskapet Tegneskapet.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.