Gå videre til innhold
PER INGE TORKELSEN MED NY BOK: "HUMOR E HEILE VITSEN"

Pressemelding -

PER INGE TORKELSEN MED NY BOK: "HUMOR E HEILE VITSEN"

Per Inge Torkelsen er klar med den nye boka Humor e heile vitsen der han auser av erfaringa si etter eit langt liv som artist og samfunnsdebattant. Torkelsen vil no heller rose enn erte på seg folk. Krydra med anekdotar frå mange års kurs og foredrag for organisasjonar og næringsliv, byr han på ei positiv handbok i kunsten å gi ros. Alt var verre før, seier snart 60- år gamle Torkelsen. Boka er full av overskot og eit positivt syn på framtida, sjølvsagt med Stavanger-humoristen si særprega tone.

Torkelsen har eit stort engasjement for det som er skeivt og annleis. Han vil at vi skal bli flinkare til å rose kvarandre og sette pris på det sære og spesielle, også folk; nerdane, originalane, dei som gjer ting på sine eigne måtar, anten dei er Olga Marie Mikalsen, sjåføren til Einstein eller Tiny Tim.

Han seier sjølv: -Humor e någe merr enn billige og kjappe vitsar. Humor ska ver et grunnleggande element i livet ditt. Humor e den beste medisinen, og smilet e den kortaste veien mydlå to mennesker.

Eg ska begeistra deg. Eg ska få deg i godt humør, enten du vil eller ei. Eg ska servera någen kjekke historiar; snåle, tankevekkande, løgne, og anderledes. Eg ska gje deg kunnskab du kan gleda deg øve, artige anekdotar du kan briljera med i det nesta selskabet. Du ska få folk te å slappa av, åbna seg og trivas trygt.

Eg ska lera deg kordan godt humør, latter og optimisme ska beriga resten av livet ditt.

Dette e ikkje tungsindigt, det e lyst og lett. Lett å forstå, og lett å bruga. Hvis du ikkje bler i godt humør av dette, så banke eg deg…

Lanseringsdato 15.11.

Per Inge Torkelsen (f. 1953) er komikar, skodespelar, forfattar, radiokåsør, politikar og sjølverklært klovn. Han har gitt ut fleire bøker, mellom anna Den store, stygge eldre boka og Ikkje heilt rektige.

 

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO