Gå videre til innhold
PRESSEMELDING: AINA BASSO MED NY ROMAN OM HEKSEPROSESSANE I FINNMARK

Pressemelding -

PRESSEMELDING: AINA BASSO MED NY ROMAN OM HEKSEPROSESSANE I FINNMARK

Basso, som er historikar, har bygd boka på verkelege hendingar. Både formular og tilståingar er henta frå originale svartebøker og rettsprotokollar.  Basso har lenge vore opptatt av denne delen av den norske historia. Forfattaren har også familiebakgrunn frå området der handlinga utspelar seg. Far hennar som har finsk (kvensk) bakgrunn, vaks opp i ei bygd mellom Vardø og Vadsø.

I tiåra frå 1620 og utover blei i alt 80 ”trollkvinner” dømde til døden på bålet i Finnmark. I denne romanen møter vi to unge jenter som hamnar på kvar si side i denne utrulege og skremmande delen av norsk historie.

Romanen har to parallelle forteljarar, den velståande Dorothe frå København og den fattige Elen, som er dotter av ei ”klok kone” i Finnmark. 16 år gammal blir Dorothe gifta bort til ein mykje eldre mann og drar med han til Vardø, der Dorothes og Elens liv kryssast på dramatisk vis. Gjennom dei to like gamle, men svært ulike jentene, får vi ei levande og poetisk skildring av å vere på veg inn i vaksenverda, og av ei fjern fortid med både parallellar og sterke kontrastar til vår eiga.

Aina Basso (f. 1979) kjem frå Giske. Ho debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite. I 2010 fulgte ho opp med ein roman for vaksne, Fange 59. Taterpige.

Basso er fast spaltist i avisene Nationen og Sunnmørsposten. Ho er utdanna historikar og bur i Oslo.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO