Pressemelding -
Prisnominasjonar til litterært stjerneskot
Litterært stjerneskot Therese Garshol Syversen er nominert til Kritikarprisen og Uprisen
Eg skal rive deg i filler er Therese Garshol Syversen sin andre roman for ungdom, og for denne er ho nominert til både Uprisen og Kritikarprisen i klassen Beste barne- og ungdomsbok. Eg skal rive deg i filler er ein rasande og medrivande ungdomsroman om samtykke og hemn, sett til eit privilegert miljø på Oslo vestkant. I 2023 fekk Garshol Syversen NBUs debutantpris Trollkrittet for romanen Sting.
Therese Garshol Syversen (f.1988) kjem frå Fredrikstad. Ho underviser og forskar på barnelitteratur og litteraturdidaktikk ved Høgskulen i Innlandet.
I tillegg til Garshol Syversen har Samlaget to nominerte til Kritikarprisen; Marit Eikemo i klassen beste vaksenbok og Maria Lavik i klassen sakprosa for vaksne
Emner
Kategorier
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.