Gå videre til innhold
Rasande og medrivande spenningsroman om hemn og samtykke

Pressemelding -

Rasande og medrivande spenningsroman om hemn og samtykke

Iben Maria Løvenskiold er 18 år, går på kostksule i Sveits og har usannsynleg rike foreldre godt plassert på Oslo vest. Framtida ligg klart for henne. Men da søstera hennar, Alexa, døyr brått på fest, snur alt. For på nettet verserer ein fæl video der Alexa sine siste timar er dokumenterte. Iben kan ikkje gløyme det ho ser på filmen. Saka blir lagd vekk hos politiet, men ikkje i Ibens hovud. For henne er det ikkje så viktig med paragrafar og piss, dei skuldige skal få som fortent. Iben har ein plan: Ho vil nærme seg den eine guten og brake han til å felle dei andre. Men da må ho få han til å falle for henne først.

Eg skal rive deg i filler er ein rasande og medrivande ungdomsroman som underheld på overflata, men som djupast sett stiller viktige spørsmål som: Kva viss ho ikkje sa nei? Sa ho ja da? Boka skildrar eit overskridane og brutalt ungdomsmiljø prega av status, sex og dop

Therese Garshol Syversen (f.1988) debuterte med ungdomsromanen Sting. For denne fekk ho debutantprisen Trollkrittet i 2022. Eg skal rive deg i filler er den andre romanen hennar.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Therese Garshol Syversen[c]Sara Sanderud
    Therese Garshol Syversen[c]Sara Sanderud
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6240 x 4160, 9.03 MB
    Last ned
  • 9788234012945_Eg skal rive deg i filler.jpg
    9788234012945_Eg skal rive deg i filler.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1594 x 2492, 249 KB
    Last ned

Relatert innhold