Gå videre til innhold
Foto: Eli Berge
Foto: Eli Berge

Pressemelding -

Ragnar Hovland blir 70 år 15. april


Ragnar Hovland (f. 1952) er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Sidan debuten Alltid fleire dagar i 1979, har han gitt ut over femti bøker i dei fleste sjangrar, for både vaksne og barn. Stadig nye generasjoner lesarar lar seg begeistre og fascinere av Hovlands litterære univers og pussige karakterer. Han har mottatt ei rekkje prisar, mellom anna Kritikerprisen, Brageprisen, Dobloug-prisen og Bastian-prisen.

Samlaget git ut ein ny pocketserie med fem bøker i høve dagen: https://samlaget.no/collections/ragnar-hovland-70-ar

I serien finn ein titlane: Professor Moreaus løyndom, 1964, Ei vinterreise, Dr. Munks testamente, og 400 mil frå Sogndalsfjøra

Hovland vert også feira med eit stort festarrangement i samarbeid med Litteraturfestivalen på Lillehammer; "Full fyr i teltet!" med deltaking frå m.a. Tønes, Karin Haugen og Finn Tokvam. https://litteraturfestival.no/...

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO