Gå videre til innhold
Ragnhild Kolden med ny roman, "Krig"; om vanlege menneske og kvardagslivet deira under andre verdskrigen

Pressemelding -

Ragnhild Kolden med ny roman, "Krig"; om vanlege menneske og kvardagslivet deira under andre verdskrigen

Ragnhild Koldens nye roman Krig viser korleis andre verdskrigen kunne bli opplevd av heilt vanlege menneske som måtte ta avgjerande val i ei kaotisk tid. Kolden skriv fram ei fiktiv bygd i boka, men ho bruker si eiga heimbygd Lom som eit bakteppe. Ei bygd med mange NS-sympatisørar under krigen, og der motstandsarbeid på lang veg må ha vore umogleg, og med ein nazi-ordførar som fekk ny tillit etter krigen. Boka vert lansert 16.2.

Krig lèt oss kjenne den tyske okkupasjonen på kroppen. Det som ser ut som kvardag, er eigentleg ein framand tilstand der propaganda vanskeleg kan skiljast frå faktiske nyheiter. Etter kvart blir umogleg å vita kven ein kan stole på, og der ein må vega sine eigne ord sjølv på kjøkkenet over familiemiddagen saman med sine næraste.

Det er våren 1940. Gabriel Bratt ventar på bussen heim til familiegarden da tyske bombefly blir synlege mot himmelen. Verdskrigen kjem dundrande som ei øydeleggjande kraft over Innerdalen, og snart held ein tropp tyske soldatar og NS-folk i sentrale posisjonar befolkninga i eit kontrollerande grep. Søskena Gabriel, Gunnar og Margot skal bli varig merkte av okkupasjonen på kvar sitt vis når tilsynelatande små og ubetydelege handlingar får dramatiske konsekvensar for dei og menneska rundt dei. For korleis skal ein handle når det å hjelpe ein ven kan sende deg til fangebrakkene i Sachsenhausen? Når det å oppsøkje ein barndomskamerat kan føre deg rett i hendene på Gestapo? Eller når feil svar kan utsetja deg for den verste pine?

Krig er første del av tobindsverk om den tyske okkupasjonen og krigsoppgjeret i Noreg.

Ragnhild Kolden (f. 1956) er frå Bøverdalen i Lom og bur i Oslo. Ho har tidlegare gitt ut ein kritikarrost romantrilogi om andre verdskrigen og etterkrigsåra, og skriv kriminalromanar som del av forfattarparet Kroken & Kolden.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO