Gå videre til innhold
Samlaget og Minotenk går saman om ny forfattarskule for skrivande med minoritetserfaring

Pressemelding -

Samlaget og Minotenk går saman om ny forfattarskule for skrivande med minoritetserfaring

Den nye forfattarskulen startar opp i januar 2022 med ti elevar.

– Målet vårt er å løfte gode litterære stemmer med minoritetserfaring og gjere den nynorske litteraturen meir mangfaldig og representativ for samtida vår, seier Linda Noor, dagleg leiar i Minotenk.

Forfattarskulen er samlingsbasert og skal gå over eitt år. Mellom samlingane får elevane oppfølging av etablerte forfattarar.

– For at litteraturen skal spegle at vi lever i eit mangfaldig samfunn, meiner vi det er naudsynt med eit strukturelt tiltak som Forfattarskulen, seier Edmund Austigard, administrerande direktør i Samlaget.

Utover hausten blir det jobba med rekruttering, med mål om å få søkarar frå heile landet og frå ulike minoritetsgrupper.

– Litteratur er eit grunnstoff i samfunnet vårt, alle skal kunne kjenne seg att, og samstundes bli rikare av andre sine blikk, seier Austigard.

Forfattarskulen vil vere eit gratis tilbod til elevane. Alle over atten år som har minoritetserfaring, og som har eit ønske om å utvikle seg innan skrivekunst, kan søke. Arbeidsspråket ved skulen blir nynorsk.

– Det ligg ei sterk symbolsk og kulturell kraft i å foreine nynorsk og minoritetserfaringar, seier Linda Noor.

Sjå utlysing: https://samlaget.no/blogs/forf...

For spørsmål, kontakt forfattar Sigmund Løvåsen som er prosjektleiar for Forfattarskulen. Epost: forfattarskulen@samlaget.no 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • forfattarskulen_austigard_noor[1].jpg
    forfattarskulen_austigard_noor[1].jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4000 x 2083, 1.49 MB
    Last ned
  • shutterstock_1569045466[2].jpg
    shutterstock_1569045466[2].jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5708 x 3423, 7.69 MB
    Last ned
  • Sigmund Løvåsen 2018 David Aasen.jpg
    Sigmund Løvåsen 2018 David Aasen.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6000 x 4000, 16.5 MB
    Last ned