Gå videre til innhold
Nytt lyddrama med Sigrid Bonde Tusvik, Mathilde Storm, Eili Harboe, Filip Bargee Ramberg og Christoffer Mæland.

Pressemelding -

Samlaget og Podme lanserer nytt lyddrama til påske; Den siste hytteturen

Den siste hytteturen er ein heilt ny påskekrim i lyddrama-format. Serien er skriven av forfatterane Randi Fuglehaug og Anne Gunn Halvorsen, og er produsert av Samlaget eksklusivt for Podme. Serien har premiere 26.mars.

Karakterene i Den siste hytteturen vert spelt av Sigrid Bonde Tusvik, Mathilde Storm, Eili Harboe, Filip Bargee Ramberg og Christoffer Mæland.

– Vi er svært glade for å samarbeide med Podme om dette prosjektet. og for muligheita til å nå publikum på nye måtar, seierr Berit Rødstøl, lydansvarleg i Samlaget.

Det er første gong Podme satsar på eit lyddrama. Med lanseringa av Den siste hytteturen videreutviklar Podme lyduniverset sitt endå meir, i forlenginga av satsinga på lydbøker som vart lansert i fjor haust.

– Vi er veldig glade for å kunne gje lyttarane ei heilt unik oppleving av påskekrim i år! Samarbeidet med Samlaget har vore givande og eg er så glad for at dei kom til oss med denne ideen, sier Mathias Thaulow Lisberg, innhaldssjef i Podme.

Serien er på sju episoder og er tilgjengeleg for Podmes over 200 000 abonnenter.

– Dette er ein påskekrim lyttarane verkeleg kan leve seg inn i. Den siste hytteturen treff midt i den norske påskekrimtradisjonen, og vi trur den vil fenge både krimfans og nye lyttarar sier Berit Rødstøl i Samlaget.

Om Den siste hytteturen:

Vennegjengen på fire reiser til fjells for å feire fullført medisinstudium med ein hyttetur. Alt ligg til rette for ei perfekt påskehelg, men snart viser det seg at dei har leigd seg inn i eit moderne hyttemareritt.

Ute herjar stormen. Inne slår vennskapet sprekker. Gamle hemmelegheiter kjem for dagen, og eit spørsmål pressar seg fram: Kven har eigentleg lokka dei ut i øydemarka? Er det fleire som veit kva dei har gjort?

Det som skulle vere ei feiring av vennskap, blir ein kamp på liv og død.


Anne Gunn Halvorsen (f. 1984) og Randi Fuglehaug (f. 1980) er forfattarar og journalistar med bakgrunn frå Dagbladet, VG, Dagens Næringsliv og NRK. Dei skriv sakprosa og skjønnlitteratur for vaksne kvar for seg og står saman bak ungdomsbokserien Halve kongeriket, som er oversett til 14 språk og filmatisert av Netflix.

Premiere: 26.mars 2026

Antall episoder: 7

Forfattarar: Randi Fuglehaug og Anne Gunn Halvorsen

Skodespelarar: Sigrid Bonde Tusvik, Mathilde Storm, Eili Harboe, Filip Bargee Ramberg og Christoffer Mæland.

Forlag: Samlaget

Link: https://podme.com/no/podkast/den-siste-hytteturen/

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Uten tittel (7).png
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    1920 x 1080, 3.27 MB
    Last ned
  • Den siste hytteturen 3000x3000.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3000 x 3000, 6.05 MB
    Last ned
  • AnneGunnHalvorsen-RandiFuglehaug001.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5961 x 3974, 7.53 MB
    Last ned