Gå videre til innhold
F.v.: Merete Pharo og Elen Betanzo
F.v.: Merete Pharo og Elen Betanzo

Pressemelding -

Samlaget startar forlagsagentur

Saga Literary Agency er namnet på det nystarta forlagsagenturet, som i all hovudsak skal forvalte rettane til forlagets barne- og ungdomsbøker. Agenturet, som består av Elen Betanzo og Merete Pharo, tek over ansvaret etter at Eirin Hagen legg ned Hagen Agency. Hagen har gjort stor suksess i utlandet med namn som Maria Parr, Kari Stai, Marianne Gretteberg Engedal og Sigrid Agnethe Hansen.

«Norsk barnelitteratur held særs høgt nivå og er internasjonalt anerkjend. Som eit av dei fremste forlaga på feltet ønskjer Samlaget å bidra til at forfattarane våre når ut til lesarar utanfor Noreg. Vi byggjer denne satsinga på den enorme jobben Eirin Hagen har gjort for norsk barnelitteratur gjennom mange, mange år. Gjennom ein avtale med Eirin har vi vore i stand til å overføre og byggje opp kunnskap på feltet», seier forlagsdirektør Edmund Austigard om det nystarta forlagsagenturet.

Betanzo jobbar i tillegg som redaktør for barne- og ungdomsbøker i Samlaget. Pharo jobbar i marknadsavdelinga med barne- og ungdomsbøker og har lang erfaring frå bokbransjen.



Related links

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO