Gå videre til innhold
f.v. Hvamstad, Berntsen, Malmin, Futsæter Vik, Betanzo, Kvalsund
f.v. Hvamstad, Berntsen, Malmin, Futsæter Vik, Betanzo, Kvalsund

Pressemelding -

Samlaget utvidar

Det Norske Samlaget har dei siste åra har hatt stor suksess både litterært og økonomisk, toppa i fjor med m.a. Brageprisar til Olaug Nilssen og Maria Parr, og Elena Ferrantes kritikarroste bøker på bestseljarlista. No utvidar forlaget med ei ny forlagsredaktør-stilling innan norsk skjønnlitteratur og ein ekstra manusredaktør. Ettersom forlaget frå før også skulle erstatte to redaktørar og ein marknadsførar har forlaget i denne runden tilsett heile seks nye personar, kor den eine er rekruttert internt.

-Vi er svært glade for å få desse utruleg dyktige og kompetente folka med på laget. Det er særleg kjekt at Samlaget med dette viser musklar på det skjønnlitterære området. Vi har høge ambisjonar, og vonar med dette å vere endå meir tilstades for alle forfattarane våre, seier forlagssjef Håkon Kolmannskog.

Runa Kvalsund (f. 1987) er tilsett som forlagsredaktør for skjønnlitteratur i Samlaget. Kvalsund kjem frå Trondheim, har tidlegare arbeidd i Schibsted forlag, Forlaget Oktober og vore kulturjournalist i Klassekampen og Vårt land. Ho er utdanna litteraturvitar og er redaktør i Mellom, eit tidsskrift for omsett litteratur.

Maren Ingeborg Hvamstad (f. 1979) er tilsett som forlagsredaktør for skjønnlitteratur i Samlaget. Hvamstad kjem frå Alvdal. Ho har bakgrunn frå drama og teater, og har gått på Forfattarstudiet i Bø og Skrivekunstakademiet i Hordaland. Ho har vore manuskonsulent, kulturjournalist og har dei siste sju åra arbeidd som marknadskoordinator i Samlaget.

Elen Betanzo (f. 1984) er tilsett som forlagsredaktør for barne- og ungdomsbøker i Samlaget. Betanzo kjem frå Stavanger, er forfattar av fleire barne- og ungdomsbøker og har bakgrunn som journalist. Ho arbeider i dag som litteraturformidlar for barn og ungdom ved Deichman Hovedbibliotek.

Oda Malmin (f. 1987) er tilsett som manusredaktør i Samlaget. Malmin kjem frå Stavanger, har master i nordisk språk med ei oppgåve om valfridomen i nynorsk og har vore korrekturlesar og språkvaskar for fleire forlag. Malmin har vore politisk rådgivar i Arbeidarpartiet og arbeider i dag som kommunikasjonsrådgivar i Burson-Marsteller.

Katerina Futsæter Vik (f.1982) er tilsett som ny sals- og marknadskonsulent med ansvar for Samlaget sin sals- og marknadsaktivitet overfor bokhandel. Katerina Futsæter Vik har bakgrunn frå Tsjekkia, og har ein master i allmenn litteraturvitskap frå Blindern og har gått Fagskulen for bokbransjen. Ho har jobba mange år i Akademika, og har dei siste åra vore nestleiar på Akademika Nydalen.  

Sara Olivia Berntsen (f.1990) er tilsett som marknadskoordinator med ansvar for nettbutikken, digital marknadsføring og kundeservice. Berntsen er frå Ringsaker, og har ein bachelor i kultur og leiarskap frå BI, er utdanna fotograf og har jobba som grafisk designar. Ho har bakgrunn frå Zalando og arbeider i dag for Nøstebarn.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO