Gå videre til innhold
Sensasjonen Gloria Gervitz' unike livsverk ute på norsk

Pressemelding -

Sensasjonen Gloria Gervitz' unike livsverk ute på norsk

Med det poetiske prosjektet Migrasjonar 1976-2020 er den meksikanske forfattaren Gloria Gervitz endeleg i norsk omsetjing. I februar kjem Gervitz til Noreg på turné. 

Turnédatoane til Gervitz er som følgjer: Litteraturhuset i Lillehammer 4.2., Litteraturhuset i Oslo 5.2., Litteraturhuset i Bergen 8.2. og Litteraturhuset i Trondheim 10.2.

Migrasjonar 1976-2020 er eit unikt livsverk og eit av vår tids største poetiske prosjekt. Sidan 1970-åra har Gervitz skrive på dette langdiktet, som har blitt utgitt i stadig nye versjonar. Verket har vakse fram frå livet til forfattaren og frå historia til familien hennar, nemleg flukta frå jødeforfølgingane i Aust-Europa tidleg på 1900-talet. Dikta skriv fram ulike tider, tradisjonar, språk og røyster i ei ekspansivt samling som krinsar rundt slekt og einsemd, eksil og migrasjon, religion, død, kvinneposisjonar og seksualitet.

Boka er gjendikta frå spansk av Helene Hovden Hareide, som også har skrive etterord i boka. 

Gloria Gervitz (f. 1943) er fødd i Mexico by. Ho kjem frå ein jødisk familie med europeisk opphav, og studerte psykologi, filosofi og kunsthistorie i ei tid der kvinner skulle vera gode koner og mødrer. I 2019 vart Gervitz tildelt Pablo Neruda-prisen for livsverket sitt. Migrasjonar har så langt blitt gjendikta til engelsk, tysk, polsk, arabisk og svensk. 


Om Migrasjonar:

«The achievement of a great poetic talent: a complex tribute to the complex world from which it comes.»
Jerome Rothenberg om Migrations


«These passionate confessions are grounded in a profound knowledge of religious rituals, and a wide range of literary influences springing from a variety of languages.»
Foreword Reviews om Migrations


«Som [Walt] Whitman skriv Gervitz ekspressivt og ekspansivt, med utgangspunkt i eit lyrisk eg som veks seg stadig større»
Helene Hovden Hareide, frå etterordet i boka


«… Gervitz kan trekkast fram som kardinaleksempel på eit livslangt, poetisk arbeid si meining og verknad. Som ein uendeleg midnattsmesse hypnotiserer og forvillar den lesaren, og forlèt henne forandra»
Martina Monelius, Expressen


«ein ekstatisk poesi som ser bakover og samstundes blir heilt akutt i noet»
Elisabeth Hjorth, Sydsvenskan


«alle som les lyrikk i Sverige les Gervitz»
Mads O. Svensson, Vagant


«vindlande underbar»
Mikaela Blomqvist, Göteborgs-Posten

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Ragnhild Akselberg Tonheim

Informasjonskonsulent 90124325

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO