Gå videre til innhold
Alle tre banda i Septologien
Alle tre banda i Septologien

Pressemelding -

"Septologien" av Jon Fosse vert hylla av meldarar verda rundt

Septologien av Jon Fosse er no ute på tjue språk.  Storverket har fått meldarar verda over til å ta fram superlativa. Eit kjenneteikn ved meldingane er vekta dei legg på kor intens og annleis lesaroppleving dette er. The New York Review of Books kallar lesinga "ei meditasjonshandling" og for The Guardian er dette "eit nådelaust oppslukande verk". Weekendavisen seier "Dei sju bøkene reiser seg som ein usynleg bue over verda og viser ho i eit nytt lys" og Financial Times meiner Septologien  "er gjennomsyra av sjølve mysteriet ved livet".

Septologien er Jon Fosses storverk i sju delar. Det er eit suggererande og storslått romanverk om kva kunst er, om Gud, alkoholisme, vennskap og tida som går. Det handlar om døden, men også om kva det vil seie å vere i livet.

Første band, Det andre namnet, kom ut i 2019 og vart nominert til den internasjonale Booker-prisen. Band to, Eg er ein annan, kom hausten 2020 og band tre, Eit nytt namn kom hausten 2021, og fekk Brageprisen. 

Jon Fosse (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger i heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar i inn- og utland.


Frå meldingar av Septologien: 

"Eit nådelaust oppslukande verk"

The Guardian

"Dei sju bøkene reiser seg som ein usynleg bue over verda og viser ho i eit nytt lys."

Weekendavisen

"Ein kommande klassikar i verdslitteraturen(...) Ein av dei største litterære prestasjonane i vår tid."

The Irish Times

"Septologien er eit mesterverk av verdenslitterær karat. (...) Det er magisk prosa»

Politiken

"Ei meditasjonshandling"

The New York Review of Books

"Audmjuk virtuositet"

Le Monde

«Septologien er gjennomsyra av sjølve mysteriet ved livet»

Financial Times

«Ei urovekkande, men også avhengighetsskapende bok»

El Mundo

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO