Gå videre til innhold
Sigri Sandberg klar med ny bok om naturtap og klimaangst; "Det året eg vakna. Kva skjer med naturen- og oss?"

Pressemelding -

Sigri Sandberg klar med ny bok om naturtap og klimaangst; "Det året eg vakna. Kva skjer med naturen- og oss?"

Sigri Sandberg har i store delar av sitt vaksne liv skrive om natur og friluftsliv i ulike sjangrar og publikasjonar. Men ho har vore for feig. Ho har fortrengt at skogane brenn, at havet stig, at vi står til hoftene i ei natur- og klimakrise. Sigri har fortrengt at ho sjølv er natur, og ho har tatt avstand frå si eiga frykt. I den nye boka Det året eg vakna. Kva skjer med naturen- og oss? erklærer ho seg skuldig i feigskap. Ho skriv seg inn i frykta, og inn i fakta – og krisene vi står i.

For kva er det eigentleg som skjer, og kva gjer det med oss? Sigri skriv seg gjennom eit heilt år, skriv frå der ho er: i nord om vinteren, ved fjorden om våren, ved havet om sommaren og på fjellet om hausten. Lesaren får i tillegg til ei personleg forteljing også geologiske, biologiske, psykologiske og filosofiske perspektiv på problema vi står overfor. Men er det mogleg å gå inn i desse brennaktuelle krisene utan å velte sjølv? Ta elendet inn over seg utan sjølv å gå til grunne? Og finst det eventuelt ein sti vidare?

Lansering Norli Universitetsgata torsdag 23.1. 1730. Samtale mellom Sigri Sandberg og Da. O Hessen, leia av redaktør Cecilie Seiness.


Sigri Sandberg (f. 1975) er journalist og har arbeidd for sentrale norske aviser i over 25 år. Ho har budd mange år på Svalbard og skrive nær tjue bøker – om natur, friluftsliv, klima og polare strok. Sandberg voks opp i Gulen og Bergen og er busett i Oslo og Luster.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • 472542873_1009029514572894_1148354867629313989_n (1).jpg
    472542873_1009029514572894_1148354867629313989_n (1).jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1200 x 630, 134 KB
    Last ned
  • Sigri_20Sandberg_20MelOEy
    Sigri_20Sandberg_20MelOEy
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4356 x 3338, 700 KB
    Last ned