Gå videre til innhold
«Eit hemmeleg liv» fortel om Wilhelm Holst, om to krigar, og om kva historier som nådde fram og ikkje etter krigen. Foto: Tove Breistein
«Eit hemmeleg liv» fortel om Wilhelm Holst, om to krigar, og om kva historier som nådde fram og ikkje etter krigen. Foto: Tove Breistein

Pressemelding -

Sigrun Slapgard nominert til Brageprisen for agenthistoria «Eit hemmeleg liv»

Den tidlegare NRK-journalisten er aktuell med ny bok – og Bragenominasjon, om den ukjende spesialagenten Wilhelm Holst.

I grunngivinga frå juryen står det mellom anna:

«Denne medrivande forteljinga handlar om den ukjende norske motstandsmannen Wilhelm Holst. [...] Boka har vorte mykje meir enn ein biografi: I tillegg til jakta på det verkelege livet til ein agent som opererte i løynd, gir ho engasjerande perspektiv på den spanske borgarkrigen og motstandsarbeidet i Europa.»

I Eit hemmeleg liv dreg barnebarnet til Wilhelm Holst, Ole Christian Kleppe, på jakt etter løyndomane i livet til ein bestefar han aldri møtte. Saman med Slapgard leiter han i hemmelegstempla dokument og brevsamlingar, og gradvis trer historia fram – ei skakande forteljing om korleis to brutale krigar endra livet til ein mann og slo inn i ein familie.

– Slapgard har rett og slett skrive ei fantastisk bok. Eit hemmeleg liv er like spanande som ein thriller, samtidig som ho er spekka med kunnskap, er rørande og engasjerande, seier forlagssjef Håkon Kolmannskog.

Sigrun Slapgard (f. 1953) er journalist og forfattar. Ho har jobba som utanriksjournalist i NRK og har skrive ei rekkje bøker. For Krigens penn. Ein biografi om Lise Lindbæk (2002) blei ho nominert til Brageprisen og fekk Melsom-prisen. For romanen Englestien (2013) fekk ho Nynorsk litteraturpris. Slapgard har også skrive ein biografi om Sigrid Undset og romanen Eg har sett jaguaren.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO