Gå videre til innhold

Pressemelding -

Søt og sjarmerande barnebok om venskap, gruppepress og hundar

Veronika Erstad er aktuell med bok to om bestevenane Saga og Storm.

Saga og Storm elskar å vere saman med Storm. Han er den beste venen ein kan ha. Men ein dag begynner Boel i klassen. Og ho vil bestemme alt. Først bestemmer ho at jentene ikkje skal leike saman med gutane, for då får dei gutelus. Og så bestemmer ho at Saga skal vere saman med Storm, for det er barnsleg med gutelus. Men Saga vil jo ikkje vere saman med Storm på den måten! Og det vil jo ikkje Storm heller. Men kvifor skal det vere så vanskeleg å seie frå til Boel? Og kvifor i all verda er det Boel som skal få Knerten, yndlingskvalpen til Saga?

Saga og Storm blir IKKJE kjærastar er ei bok om venskap, gruppepress og hundar for målgruppa 6-9 år. Boka er ei frittståande oppfølgjar til Saga og Storm og kongens fortenestemedalje frå 2024, ei bok som vart nominert til Årets bok på Sølvberget. Rettane til bok ein og to er selde til det danske forlaget Turbine, og er planlagt utgitt i 2026.

Bøkene er illustrerte av Ella K. Okstad.

Veronika Erstad (f.1979) er forfattar og barnevernspedagog og har tidlegare gitt ut bøker for barn og vaksne.

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter