Pressemelding -
Stein Versto aktuell med roman; "Nidaros" - lansering med Odd Nordstoga
Stein Versto er ute med sin første roman, Nidaros og lanserer boka på Litteraturhuset i Oslo 12.11. (med Odd Nordstoga) og i Trondheim Kunstmuseum 19.11. Forfattar Ingrid Storholmen intervjuar han på begge arrangementa.
Stein Versto (f. 1957) debuterte med novellesamlinga Ho blei borte i trappene (1990) som han fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for. Versto har også skrive diktsamlingane Innfalda tid, minne (1995) og Snø i partituret (2000). No er han endeleg tilbake med ny bok, og dette er også den første romanen hans. Stein Versto har dei siste åra vore leiar i Det Litterære Råd i Forfattarforeninga og er også kjend som tekstforfattar for Odd Nordstoga.
Nidaros er ei
kjærleiksforteljing og eit intenst trekantdrama. Romanen følgjer Peter, ein
foreldrelaus gut som veks opp i eit kloster i Tyskland, Ben, ein komponist frå
Oslo, og Birgitta, ein skodespelar med røter i Telemark. Romanen flettar saman
fortida og notida og det indre og ytre livet til desse personane.
Notidshandlinga tar oss med til Trondheim, som Ben har reist til for å begynne
på eit nytt musikkverk. Her møter han Birgitta, som han tidlegare har hatt eit
kjærleiksforhold til. Birgitta er i byen med ein gammal ven, Peter. Når desse
tre møtes blir er det ikkje muleg å halde fortida skjult lenger; alt må opp i
dagen. Dei blir dermed nøydde til å møte alt dei ikkje visste om seg sjølv. Og
det viser seg at dei alle er knytte saman på måtar dei aldri hadde drøymt om.
Nidaros tematiserer korleis det vi ikkje hugsar, spelar aktivt med i livet vårt og formar relasjonar, reaksjonar og handlingar.
LANSERING I OSLO: 12.9. kl 19 i Nedjma på Litteraturhuset
LANSERING I TRONDHEIM: 19.9. KL 19 i Trondheim kunstmuseum (i samarbeid med Norsk Forfattarsentrum Midt-Norge)
Emner
Kategorier
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.