Gå videre til innhold
Line Nagell Ylvisåker. Foto: Ragnhild Utne
Line Nagell Ylvisåker. Foto: Ragnhild Utne

Pressemelding -

Sterk tilstandsrapport frå Svalbard: "Verda mi smeltar" av Line Nagell Ylvisåker

Verda mi smeltar. Å leve med klimaendringar på Svalbard av Line Nagell Ylvisåker er ei forteljing om stigande uro og om å leva midt i klimaendringane.

I 2015 gjekk det eit digert snøskred midt i Longyearbyen. Ei jente og ein familiefar døydde. Hausten etter gjekk det fleire jordskred, før eit nytt snøskred rasa inn i eit hus i sentrum. Noko er gale på Svalbard. Sidan 1961 er øygruppa varma opp seks gonger raskare enn verdsgjennomsnittet.

Line Nagell Ylvisåker har bygd hus i Longyearbyen, fått to ungar der og kallar plassen for heime. Brått kjenner ho seguroleg når det er varsla uvêr. Kva i alle dagar skjer med byen hennar?

På leit etter svar snakkar ho med skredvarslingsmeteorologen som sjølv vart gravlagd i snømassane i 2015. Ho oppsøker ein fangstmann med førti overvintringar bak seg, reiser på tokt for å forstå havstraumane, jaktar fossil frå dei historiske Svalbard-skogane og støyter på tre isbjørnar på tur med ungane. Gjennom året følgjer ho òg arbeidet med å sikre Longyearbyen mot naturfarane.

Lanseringarr. på Svalbard bibliotek 6. mai: https://www.facebook.com/events/645321106320661/

Line Nagell Ylvisåker (f. 1982) kjem frå Sogndal. Ho er utdanna journalist og arbeidde frå 2006 til 2018 i Svalbardposten.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO