Gå videre til innhold
Foto: Tove K. Breistein
Foto: Tove K. Breistein

Pressemelding -

Sunniva Relling Berg med ny lettlesen action for ungdom

Sunniva Relling Berg er aktuell med lettlesen action for ungdom

Maja hamnar stort sett alltid i trøbbel. Ho har akkurat krangla med mor si, for deretter å stikke heimanfrå. No sit ho på nattbussen på veg til tanta, som bur fleire timar lenger nord.

Ilias er også i trøbbel. Han har rømt frå asylmottaket, skuldar pengar og attpåtil har han lova mora å passe godt på veslesøstera.

På uventa vis møtest vegane til Ilias og Maja. Saman blir dei vikla inn i eit nervepirrande drama der altfor mykje står på spel og mange har mykje å tape.

Soldagen er ein frittståande oppfølgjar til Polarnatt frå 2019. Boka er utvikla i samarbeid med Leser søker bok, og er illustrert av Bjørn Rune Lie.

Sunniva Relling Berg (f.1988) debuterte i 2011 med den kritikarroste ungdomsromanen Utfor, som blei nominert til Brageprisen. Ho har seinare gitt ut fleire romanar for både barn og vaksne, m.a. romanane Beina i gitaren (2013) og Polarnatt (2019). Ho er ein aktiv formidlar for barn og unge, og står bak podkasten Skrivesnakk . Berg bur i heimbyen Ålesund.

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Berg_(C)ToveKBreistein06_BRUK_DETTE.jpg
    Berg_(C)ToveKBreistein06_BRUK_DETTE.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4480 x 6720, 22.6 MB
    Last ned
  • 9788234011825 Soldagen Framside C.jpg
    9788234011825 Soldagen Framside C.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1584 x 2498, 6.16 MB
    Last ned