Gå videre til innhold
Suzanne Brøgger, Bjørn Eidsvåg, Kari Bremnes og Håkon Bleken m.fl. er med i Herborg Kråkeviks "Juleroser"

Pressemelding -

Suzanne Brøgger, Bjørn Eidsvåg, Kari Bremnes og Håkon Bleken m.fl. er med i Herborg Kråkeviks "Juleroser"

Juleroser med Herborg Kråkevik som redaktør har etablert seg som eit av dei mest populære, norske julehefta. I år er Juleroser ute i eit rekordstort opplag på 92 000. Utgjevinga er eit samarbeid mellom Samlaget og Egmont, og er til sals over heile landet frå 20.11.

Juleroser er eit litterært julehefte med bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane og kunstnarane i vår tid. Kråkevik vil gi lesarane store kunstopplevingar til jul. Juleroser 2017 har bidrag frå Suzanne Brøgger, Bjørn Eidsvåg, Geir Gulliksen, Kari Bremnes, Synnøve Macody Lund, Alf Prøysen, Håkon Bleken, Anne Grete Preus og mange andre. Heftet er rikt illustrert med bidrag frå dei beste biletkunstnarane. Tre vakre kunsttrykk er inkludert.

Juleroser var namnet på eit litterært julehefte som blei gitt ut mellom 1881 og 1944. Heftet vart relansert i 2015. For Kråkevik er Juleroser noko som har vore med henne heile livet:

-Juleroser låg alltid framme i jula då eg var barn. Eg opna dei med andakt, for dei var så skjøre og vakre, dei måtte takast varsamt i. Dei såg gamle ut, men historiene eg las, verka nye og relevante, sjølv om dei var skrivne i ei anna tid enn mi. No er dei her igjen, rosene. Eg håper, kjære lesar, at Juleroser kan gi deg jul i hjarta, slik dei gjorde for meg, og at vi har klart å lage noko som er så vakkert at det ikkje blir kasta ut med det brukte julepapiret, men held seg, både for auga og for sinnet.

Tysdag 21.11. og onsdag 22.11. kan du oppleve fleire av bidragsytarane frå heftet på lanseringasarrangement på Litteraturhusa i Oslo og Bergen. Billettar for sal no.

For avtale om intervju med Herborg Kråkevik eller bidragsytarar, ta kontakt med informasjonssjef Karin Helgøy i Samlaget: Mobil: 97 01 98 65 karin.helgoy@samlaget.no

Pressekontakt i Egmont, Knut Thomas Hagen, mob: 99 62 84 11 knut.thomas.hagen@egmont.com

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO