Gå videre til innhold
«Floke» er Neverdahls andre bok på Samlaget, etter «Jojo» frå 2018. Foto: Gry Dahl.
«Floke» er Neverdahls andre bok på Samlaget, etter «Jojo» frå 2018. Foto: Gry Dahl.

Pressemelding -

Teikneserieskapar Ida Eva Neverdahl aktuell med barneroman

Stavanger-teiknaren Neverdahl byr på norrøn mytologi i 2020-drakt i nytt teikneserieprosjekt.

Floke Skrufsson er ein fredeleg fyr i ei vill vikingverd. Han liker ikkje vald og slåsting og vil aller helst berre sitje i graset og lage musikk. Ein dag reddar han ein gammal krok som sit fast i eit tre med nasen sin. Som takk får han eit heilt spesielt sverd. Det er berre ei hake ved dette: Den som har sverdet, må redde verda frå undergangen, sjølvaste Ragnarok! 

I teikneserieromanen Floke blandar Neverdahl norrøn mytologi, action og fantasidyr med trekk frå norske eventyr og ein god dose absurd humor. Dette er bok ein av to i forfattaren sitt nye serieprosjekt.

Neverdahl er ein av Noregs viktigaste unge teikneserieskaparar, med ein følgjarskare på nærare 50.000 på Instagram, der ho går under namnet @jellyvamps.

Ida Eva Neverdahl (f. 1993) er illustratør, utdanna ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen. Ho har laga nettseriar, teikneseriestriper for aviser som VG og Stavanger Aftenblad, samt amerikanske Vice Magazine. Ho har gitt ut fleire bøker for barn og unge, mellom anna teikneserien Jojo på Samlaget. Både Floke og Jojo er laga i samarbeid med Norsk Barneblad.

Emner

Kategorier

Regions

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO