Gå videre til innhold
TERJE TORKILDSEN VANN UPRISEN FOR ANDRE GONG

Pressemelding -

TERJE TORKILDSEN VANN UPRISEN FOR ANDRE GONG

Terje Torkildsen vann i dag Uprisen for andre gong, for spenningsboka Dystopia III. Prisen vart delt ut under Litteraturfestivalen på Lillehammer. Det er ungdommar frå heile landet som stemmer fram vinnaren. Samlaget har vunne Uprisen fire av dei seks gongene han har blitt delt ut.

Terje Torkildsen vann i 2009 prisen for debutboka Marki Marco. Dystopia III er den tredje boka i spenningsserien om syttenåringar frå International School of Stavanger som er på studietur i London då byen blir ramma av den verste naturkatastrofen i manns minne. Dystopia-serien er ein actionfylt spennande serie for utolmodige lesarar frå ca. 14 år og oppover.

I den tredje boka i Dystopia-serien har 17-åringane Scott, Victor, Kristine og Deepika komme til Belgia. Utmatta etter vandringa gjennom det katastroferamma landskapet, finn dei til slutt ly i slottet til markien av Moulindam. Men ikkje før dei har komme seg i hus, begynner dramatiske ting å skje: Kokka blir funnen drepen, og det er uråd å få tak i hjelp ettersom telefonen ikkje verkar. Det blir opptakten til eit klaustrofobisk drama i rein cluedostil, der den eine etter den andre blir mistenkt, og fleire liv går tapt på vegen. Og midt i det heile skjønar Kristine at ho er gravid, og den elles så tøffe jenta balanserer på grensa til kva ho kan tole.

Terje Torkildsen (f. 1971) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Marki Marco. I 2009 kom den første boka i firebokserien DYSTOPIA 2014. Torkildsen er utdanna norsklektor, men arbeider i dag som komikar, skodespelar og kulturprodusent.  Den litterære debuten, Marki Marco (2008), uvikla Torkildsen i samarbeid med 10. trinnet på St. Svithun skole i Stavanger. Torkildsen bur i Stavanger.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO