Gå videre til innhold

Pressemelding -

Thoralf Fagertun er vinnar av Fabel og Samlaget si skrivekonkurranse.

Thoralf Fagertun er vinnar av Fabel og Samlaget si skrivekonkurranse. Laura Djupvik og Marta Huglem Revheim med sterke bidrag på andre og tredjeplass


158 forfattarar kjempa om å bli Samlaget og Fabel sin neste lydserieforfattar. No er vinnaren kåra: Thoralf Fagertun frå Meløy i Nordland.


Våren 2025 utlyste Samlaget og Fabel ein skrivekonkurranse på jakt etter nye og spennande lydforteljingar. Responsen vart overveldande.

– Resultatet var over all forventing, seier lydansvarleg Berit Rødstøl i Samlaget. – Vi fekk inn heile 158 bidrag, mange med svært høg litterær kvalitet.

Etter grundig vurdering vart juryen samd om at Thoralf Fagertun skal skrive den neste lydserien for Fabel og Samlaget. Han får eit skrivestipend på 100 000 kroner, ein utviklingsavtale med Samlaget, og publisering i Fabel. Forteljinga har tittelen «Gode råd for å redde romvesen» med barn frå 9 til 12 år som målgruppe.

– Juryen vart begeistra for den originale og morosame forteljinga til Fagertun. Forteljinga har eit tydeleg og spennande plott, og er skrive med mykje fart og energi. Vi trur særleg at kombinasjonen av humor og fantasi vil treffe målgruppa godt. Fagertun har levert eit manus med særpreg og høg kvalitet for ein serie, heiter det i juryens grunngjeving.

Thoralf Fagertun blei både glad og overraska då han fekk vite at han var vinnaren. – Det er overmåte stas å gå til topps i konkurransen! seier Fagertun. Han fortel at han har vore begeistra for lydseriesjangeren heilt sidan han høyrte Haikerens guide til galaksen for mange år sidan. – Eg gler meg til å jobbe vidare med serien og trur formatet passar bra til historia eg vil fortelje, som er full av action, humor, robothundar og romvesen.

Thoralf Fagertun (f. 1980) kjem frå Meløy i Nordland og debuterte i 2022 med barneromanen Familien Gnork, som mellom anna vart nominert til debutantprisen Trollkrittet. Kobbs hus er den andre barneboka hans. Fagertun er utdanna litteraturvitar, jobbar med forskingsformidling og har gått forfattarutdanninga ved Norsk barnebokinstitutt.

Sterke bidrag på andre- og tredjeplass

På andre- og tredjeplass finn vi Laura Djupvik og Marta Huglen Revheim. Dei får høvesvis skrivestipend på 50 000 og 30 000 kroner. I tillegg blir tekstene deira ein del av Samlaget si nye lydsatsing.

– Både Djupvik og Huglen Revheim har skrive spennande krimforteljingar som skil seg ut med høg litterær kvalitet og stor originalitet, seier Rødstøl. – Begge tekstane har gjennomtenkte plott og spennande univers som vi verkeleg trur på.

Laura Djupvik (f. 1970) kjem frå Gurskøy på Sunnmøre. Ho har bakgrunn som journalist, forlagsredaktør og omsetjar. Ho har mellom anna skrive romanane Kvitt (2013) og Hjartet er ingen logrande hund (2019). I haust er ho aktuell med krimboka Nattbarnet.

Marta Huglen Revheim (f. 1988) kjem Arna. Ho er utdanna manusforfattar frå Den norske filmskulen på Lillehammer, og har mellom anna skrive TV-seriane Hjerteslag (TV 2) og Rot (NRK Super). Ho har òg skrive dramatikk og lyddramaet Bare barn.

Om konkurransen

Skrivekonkurransen er eit samarbeid mellom Samlaget og lydboktenesta Fabel, med mål om å finne nye stemmer og historier til framtidas norske lyddrama. Konkurransen vart open for deltaking våren 2025, og juryen bestod av representantar frå både Fabel og Samlaget.

For meir informasjon kontakt lydansvarlig Berit Rødstøl på tlf.: 94488689, eller epost: b.rodstol@gmail.com

Fotokreditering:
1. Thoralf Fagertun. Foto: Marthe Mølstre.
2. Laura Djupvik. Foto: Dan Aksel Jacobsen
3. Marta Huglen Revheim. Foto: Torbjørn Sundal Holen

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Thoralf Fagertun_ foto Marthe Mølstre_.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6500 x 4333, 8.87 MB
    Last ned
  • Marta Revheim Huglen.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4629 x 3472, 5.65 MB
    Last ned
  • 2025-10-29-2245.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1057 x 1586, 436 KB
    Last ned