Gå videre til innhold
Foto: Tom Haga
Foto: Tom Haga

Pressemelding -

Tore Kvæven klar med del to av romanen "Raudt støv"

Forfattaren bak Hard er mitt lands lov og Når landet mørknar er klar med bok 2 av framtidsdystopien Raudt støv.

Året er 2060. Fienden rykker inn. Generalløytnant John Arnhem trur ikkje lenger at krigen kan vinnast. Desillusjonert reiser han ut i
Tanamiørkenen på eit siste oppdrag: å freista evakuera besteforeldra og kveget på farmen der han sjølv vaks opp, og slik også berga restane av livet han ein gong kjende. Brett Hammersley har kjempa som idealist i regimentet til Arnhem, men krigen er i ferd med å riva ho i filler. I von om å finna attende til det som ein gong betydde noko, freistar også ho å koma seg vekk, gjennom dette siste oppdraget. Men heller ikkje i Tanamiørkenens øydemarker er det lenger mogeleg å sleppa unna krigen. På same tid vert den øvste leiaren i Australia, utanriksminister Eden Elenia Caitleen, stilt overfor eit umenneskeleg val. I dette valet står ho einsam, og tida hennar er i ferd med å renna ut. Når alt ein tidlegare har kjent til, brenn og fell, kvar kan ein då snu seg? Når nederlaget står for døra, kva blir då attende å kjempa for? Og finst det likevel ei framtid, i desse landskapa av undergang?


Om Raudt Støv. Bok 1 (2023):


"Her er usedvanlig sanselige og nærmest indre beskrivelser av dyr og landskaper. Vakkert i alt det grufulle." - MIA BULL-GUNDERSEN, BOK365 Terningkast 5!

"En usedvanlig billedrik og vakker roman" - VALERIE KUBENS, FÆDRELANDSVENNEN Terningkast 6!

Kvæven har et særs fargerikt og levende språk, han setter leserens sanser i gang fra første setning, veksler utvungent mellom det ubehagelig groteske og det poetisk drømmende, skildringene av landskap, dyr og natur er gripende og vakre, og kaller også på en slags age og takknemlighet– Sigmund Jensen, Stavanger Aftenblad Terningkast 5!

Få norske forfattere behersker et like bredt repertoar som det Tore Kvæven viser i Raudt støv– Anne Merethe K. Prinos, Aftenposten

Romanen har elementer av både science fiction, dystopi og krigsthriller, og selv om Kvæven åpenbart også deler den smalere kvalitetslitteraturens språklige og sjelegranskende ambisjoner, kan han skrive genuint spennende actionscener: Her veksler trefninger med drapsroboter, flystyrt etter rakettanslag og nærkamp med krokodille med lyriske dyrebeskrivelser, tilbakeblikk til en pastoral fortid og dvelende refleksjoner om soldatlivets rystelserLes mindre– Bjørn Ivar Fyksen, Klassekampen


Tore Kvæven (f. 1969) debuterte i 2011 med Hard er mitt lands lov. Han har også skrive barneboka Kameljegeren (2013). I 2018 kom romanen Når landet mørknar, som vart tildelt Brageprisen same år og Sørlandets Litteraturpris i 2019. I 2022 fekk Kvæven Stig Sæterbakkens minnepris. Raudt støv. Bok 1 kom hausten 2023 og vart nominert til Sørlandets Litteraturpris 2024. Tore Kvæven er sauebonde og lærar, og bur i Sirdal.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter