Gå videre til innhold

Pressemelding -

​Tredje opplag og utanlandssal for "Ser du dette?" av Sigrid Agnethe Hansen

Sigrid Agnethe Hansens debutroman Ser du dette? kjem no i tredje opplag, samtidig som rettane er seld til både Sør-Korea og Danmark.

Ungdomsromanen Ser du dette? handlar om eit nakenbilde på avvege. Tematikken er svært aktuell, noko både sal, meldingar og interesse frå utanlandske forlag visar.

No har det danske forlaget Straarup & Co og det koreanske forlaget Charliebook kjøpt rettane.

- Det koreanske forlaget fortel at temaet er svært viktig og at problemet med uønska bildedeling også er kjent i Sør-Korea. Forlaget meiner også at boka er meget truverdig, seier Eirin Hagen i Hagen Agency.

Ho fortel at forlag i fleire andre land no har Ser du dette? til vurdering.

Sjølv er NRK-programleiar Sigrid Agnethe Hansen veldig glad for at debutboka har nådd ut til så mange lesarar.

- Det er så fint at eg har knapt ord for det. Som debutant i ein pandemi hadde eg knapt turt å tru på at boka skulle bli lagt merke til, så det er eg svært glad for, seier Hansen.

No gler ho seg til at boka skal bli omsett til både koreansk og dansk.

- Det er jo sjølvsagt stort for meg personleg, og så seier det jo litt om at Ser du dette? har eit aktuelt tema som ungdom og foreldra deira bør snakke om saman over middag, uansett om dei har raude pølser eller bibimbap til middag.

Ser du dette? har fått mange gode meldingar, blant anna i Aftenposten og NRK.

«Ungdomsromanen Ser du dette? er så elegant komponert at den overbeviste meg om at Hansen er en historieforteller det er verdt å følge med på videre fremover. [...] en medrivende fortelling, krydret med humor, om ungdom som lærer at ingen vågale selfier kan måle seg mot effekten av et sunt og godt selvbilde.»

Ingrid Åbergsjord, Aftenposten

«Gjennom nennsomt litterært arbeid viser Sigrid Agnethe Hansen at det fins en vei videre ut av et komplisert indre landskap.»

Anne Cathrine Straume, NRK

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Relatert innhold

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO