Gå videre til innhold
Ungdommens Kritikarpris til Agnes Ravatn

Pressemelding -

Ungdommens Kritikarpris til Agnes Ravatn

Agnes Ravatn har stor suksess med sin siste roman, Fugletribunalet. Før i år vann ho P2 Lytternes Romanpris og i dag valde ungdommane henne til vinnar av Ungdommens Kritikarpris. Boka som kom i september i fjor er også selt til Tyskland, til det anerkjente forlaget Random House Germany.

I boka følgjer vi to menneske som har søkt eksil i eit avsidesliggande hus ved havet. Begge har ein løyndom og eit ønske om å sone. Den eine ber på skam, den andre skuld. Kva må til for å kunne starte på ny?

TV-programleiaren Allis Hagtorn forlèt mann og jobb etter ei offentleg sexskandale og byrjar som hushjelp for Sigurd Bagge, ein mann i førtiåra. Ho skal servere han tre måltid dagleg, halde orden i hagen og elles la han vere i fred. Allis går frå å vere på alles lepper til å bli heilt anonym. Til å begynne med omfamnar Allis den nye situasjonen som ei mulegheit til å starte på ny, men det tar ikkje lang tid før fascinasjonen for Sigurd Bagge dominerer livet hennar. Etter kvart som dei kjem nærare kvarandre, blir det avgjerande spørsmålet: Kven er Sigurd Bagge, og kva vil han med Allis?

Agnes Ravatn
(f. 1983) er forfattar og spaltist frå Ølen i Vindafjord. Sidan romandebuten i 2007 har Ravatn gitt ut fleire kritikarrosa og prislønte essaysamlingar, og ho er kjend for si særeigne, vittige stemme
og skarpe blikk for menneskeleg svakheit.



Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO