Gå videre til innhold
Ungdomsbok om ADHD, forelsking og vennskap

Pressemelding -

Ungdomsbok om ADHD, forelsking og vennskap

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen debuterer med ei ungdomsbok om ei jente med ADHD.

Det boblar og kokar inni 15 år gamle Synne. Ho skjeller ut lærarar og elevar og endar ofte på kontoret til rådgivaren ved skulen. Rådgivaren vil at ho skal begynne med medisin igjen.

Heldigvis har Synne bestevennen Torunn. Men to nye elevar i klassen skapar problem: Kine, som er ein ufordrageleg influensar med mange følgarar på Instagram, og mystiske og pene Johan, som må ha O'boy og brødskiver med jordbærsyltetøy kvar dag.

Sinne er ei bok om å vere ung med alt det inneber av skiftande kjensler, og samstundes ha ein diagnose som forsterkar uroa.

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen (f. 1980) kjem frå Valderøya i Giske kommune. Ho arbeider som norsklærar i vidaregåande skule. Sinne er hennar første bok.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO