Pressemelding -
Utanlandssal for Bragenominerte Helene Guåker
Ungdomsromanen Høgspenning livsfare er seld til Danmark, og trykkast samstundes i nytt opplag i Noreg.
– Høgspenning livsfare har vore krevjande å skrive, og derfor er det så utruleg godt når ho blir sett og anerkjend. Eg er glad og stolt og håpar at danskane vil like boka mi, seier Guåker.
Det er forlaget Straarup & Co som vil gi ut ungdomsromanen i Danmark.
– Tematikken psykisk helse i familien er eit viktig tema, og Helene Guåker formidlar relasjonane mellom mor og dotter på ein innsiktsfull måte. Eg trur romanen vil appellere til lesarar utanfor Noreg, seier litterær agent Eirin Hagen i Hagen Agency.
26. november fell Bragejuryens dom, der Høgspenning livsfare er nominert i klassen for barne- og ungdomslitteratur. Juryen la i si grunngjeving òg vekt på Guåkers evne til å skildre hovudpersonen Leas forhold til si psykisk sjuke mor – og kjenslelivet til ein sekstenåring i krise: «Med korte setninger og velvalgte ord formidler Helene Guåker kompliserte følelser både på og mellom linjene.» skriv juryen.
Helene Guåker (f. 1983) er frå Nes i Ringsaker. Ho har skrive fleire bøker for ungdom og vaksne i ulike sjangrar. I 2017 blei ho nominert til Brageprisen for ungdomsromanen Sveiseblink.
Emner
Kategorier
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.