Gå videre til innhold

Pressemelding

Vaim Hotell av Jon Fosse kjem 3.9.

Vaim Hotell er den andre av tre romanar knytte til den oppdikta staden Vaim.

Ein mann legg seg inn på Vaim Hotell der vertinna Brita styrer på myndig vis. Kva er det med dette hotellet ved fjorden? Fiskesett, skulderveske, lommebok, bilnyklar, alt forsvinn, og noko dukkar opp att. Korleis kan det ha seg at Gjesten blir sett i arbeid og endar opp med å skifta lyspærer på alle romma?

Vaim Hotell er ei underleg og urovekkjande forteljing om Gjesten, Brita, Handelsmannen og Sjømannen.


I 2025 kom Vaim ut til strålande kritikkar. I september 2027 kjem den siste romanen frå Vaim; Vaim vekeblad.

Sagt om Vaim:

«Vaim lyser opp i mørket»- Sindre Hovdenakk, VG

«Trollbind lesaren»- Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende

«Ironisk og presist»- Selma Flood , Vårt Land

«Finurlig trekantdrama»- Terje Eidsvåg, Adresseavisen

«Sjarmerande avslappa»- Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen

«Forfriskande utradisjonelt og morosamt»- Hilde Vesaas, Dag og Tid

Nobelprisvinnar Jon Fosse (f. 1959) vert rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. I over førti år har han skrive i ulike sjangrar: romanar, dramatikk, lyrikk, kortprosa, essay og barnebøker. Tekstane hans er omsette til over femti språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger over heile verda. Fosse har fått ei rekkje prisar både i inn- og utland.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter