Gå videre til innhold
Verdas viktigaste bok - om kropp, kjensler og sex for barn

Pressemelding -

Verdas viktigaste bok - om kropp, kjensler og sex for barn

23. august er svenske Nathalie Simonsson aktuell med Verdas viktigaste bok på norsk. Boka tar opp tema innanfor kropp, sex og kjensler, og er meint for barn frå 9 år og oppover. Simonsson vil vere tilgjengeleg for intervju med pressa denne dagen.

I boka tek Simonsson dei unge på alvor, og har snakka med fleire tusen barn og unge om seksualiteten deira. Boka er ei innføring samstundes som ho er ein tankevekkjar. Dette er ikkje berre ei bok om pubertet og sex, men også om grensesetjing og om å lytte til kjenslene sine.

Redd barna gav i 2015 ut ein rapport om kjønnsroller og samtykke, som konkluderar med at vi må tenkje nytt på korleis vi snakkar med unge om sex. ”Skolene må bli flinkere til å snakke mer om kjønnsroller, relasjoner og grensesetting”, seier Silje Dyregrav, som er ansvarleg for rapporten.

Verdas viktigaste bok er eit viktig bidrag til unges tankar kring seksualitet, og opnar for refleksjon kring viktige tema som kjønnsroller, likestilling, samtykke og overgrep.


Den 24. august lanserast boka på Tøyen barnebibliotek frå kl. 11-12. Sjuande klasse ved Kampen skule kjem, og Nathalie Simonsson kjem til å vere der og fortelje om boka. Det kjem til å vere aktivitetar knytta til innhaldet i boka i regi av «Sex og politikk». NRK Super-programleiar Ingunn Thon er konferansier for arrangementet.

Nathalie Simonsson har i sitt arbeid som seksualopplysar treft fleire tusen barn og ungdommar i samtale om pubertet, kjærleik, porno, utsjånad, sex, pinlegheiter og kjensla av å vere normal eller ikkje. Ho er også ein flittig, anerkjend førelesar og lærar. Verdas viktigaste bok (2012) er den første boka hennar og vart gitt ut saman med RFSU, Riksförbundet för sexuell upplysning, Sveriges største aktør innan seksualopplysing.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO