Gå videre til innhold
Jonathan Sosa/Eyeem/Getty Images
Jonathan Sosa/Eyeem/Getty Images

Pressemelding -

Verdslansering av Elena Ferrantes nye roman i 28 land 1. september

Elena Ferrantes nye roman Dei vaksnes løgnaktige liv kjem ut i 26 land samstundes 1. september. 

Romanen er eit tett familiedrama om identitet, klasse og oppvekst, om seksualitet, utruskap og kunsten å balansere sanning og løgn. Kristin Sørsdal er omsetjar.

Deichmanske Bjørvika har lanseringsarr. for boka 1. september kl 19, som også vert strøyma: https://www.facebook.com/events/221017822666430/ (med Hilde Sandvik, Jon Rognlien, Isabel Shumba og Bjørn Ivar Fyksen)

Ungjenta og einebarnet Giovanna får livet snudd på hovudet den dagen ho overhøyrer far sin, som ho elskar så høgt, seie at han synest ho er stygg. Denne vesle augneblinken er starten på den første av mange oppdagingar Giovanna gjer, som får grunnmuren i den trygge heimen til å smuldre. Foreldra er ikkje dei ho trur dei er, og ho lærer på den harde måten kva det vil seie å vere vaksen.

Elena Ferrante er ein av vår tids største forfattarar. Med Napoli-kvartetten gjekk ho tett på kvinners liv og vilkår i det 20. hundreåret og skildra vennskap på ein måte som manglar sidestykke i litteraturhistoria. 

I Dei vaksnes løgnaktige liv held ho fram med å utforske kva det vil seie å vere menneske. Denne gongen er handlinga lagd til eit middelklassemiljø i Napoli i 1990-åra.

Elena Ferrante er fødd i Napoli. Sidan debuten i 1992 har ho gitt ut fleire kritikarroste romanar. Rettane til bøkene hennar  er selde til 45 land. Ferrante er eit pseudonym. Bøkene hennar har hatt stort gjennomslag blant lesarar i Noreg,  og har selt over 400 000 eksemplar.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO