Gå videre til innhold
Veronika Erstad debuterer med diktsamling

Pressemelding -

Veronika Erstad debuterer med diktsamling

I Veronika Erstads debutbok, Eg er så nær morgonen eg kan kome, blir vi tekne med til eit draumeaktig landskap der ei enkel scene blir etablert: To hus i ein skog ved havet, og to naboar. I denne geografien blir identiteten sett på prøve – både for eg-et, naboen, dyreriket og verda omkring – når dei ulike posisjonane gjennomgår stadige forskyvingar. Grensene mellom årstider, dyre- og menneskeliv, draum og røyndom er flytande, ord og setningar blir brotne ned og bygde opp på nye måtar. Gjennom variasjonar, speglingar og brotstykke blir det skapt ei uro og eit intenst nærvær.

Erstads dikt har ein heilt særeigen tone, og dei vil halde på merksemda til lesaren fram til siste side.

Bølgjene slår mot vestveggen. Bølgjene dreg

huset med seg ut, slepp det ifrå seg. Huset

driv med vinden. Eg ventar i skogkanten, tel

fuglar som bryt havf lata.

Veronika Erstad (f. 1979) er debutant. Ho har gått på Forfattarstudiet i Bø og Forfatterstudiet i Tromsø. Erstad kjem frå Rosendal.

Kontaktinformasjon til Erstad:
E-post: veronikaerstad@hotmail.com
Tlf: 481 80 189

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO